Årsmøte og foredrag med Knut Rydgren: «Min veg inn i botanikken – frå inspirasjon til dedikasjon»

Sogn Botaniske Forening inviterer til foredrag og årsmøte på Sogndal Bibliotek. Møtet er ope for alle som vil komma!

Først skal Knut Rydgren halda foredraget «Min veg inn i botanikken: frå inspirasjon til dedikasjon». Foredraget markerer starten på ei kursrekkje som me kallar «korleis bli ein hobbybotanikar», der me ønskjer å inspirera og hjelpa alle som har lyst til å komma seg ut og botanisera.

Etter foredraget vil me presentera noverande styre og gjerne bli kjent med dykk. Me går gjennom fjoråret (det blir ei kort oppsummering, sidan me starta opp for kort tid sidan), økonomi og planane framover. Noverande styre stiller til å bli med vidare, men alle som ønskjer er velkomne til å melda seg til styreverv.

Til slutt går me gjennom planar og ønskjer for det kommande året. Det blir uformell og hyggjeleg samtale, der alle kan komma med ønske, tips, eller berre dela blomsterglede. Alle er hjarteleg velkommen, men berre medlemmer har stemmerett.

Det blir sjølvsagd servering av kaffi og kaker.

Ta gjerne kontakt om du vil spela inn saker, om du ikkje kan komma, men er interessert å bli med i styret, eller om du har spørsmål på: sogn@botaniskforening.no

Vel møtt!